Eigarform

Privat foreldreigd barnehage. Organisert som eit samvirkeføretaket Viebøen barnehage SA, vi har forretningsadresse Gardstølsvegen 29, 6812 FØRDE.

Øverste styrande organ for barnehagen er Årsmøtet som er samansett av alle foreldre med andel. Årsmøtet vel representantar til eigarstyret for barnehagen og vel leiar for eigarstyret. Viebøen barnehage er registrert i Brønøysund registeret og er tilslutta private barnehager landsforbund (PBL)

Samvirkeføretaket sitt formål er å eige og drive barnehage til det beste for medlemmane og deira barn i Førde kommune. Føretaket skal fremje medlemmane sine økonomiske interesse som kjøper av barnehagetenester frå føretaket. Formålet er ikkje kapitalavkasting til medlemmane. Eventuelt årsoverskot skal godskrivast eigenkapitalen i føretaket.


Barnehagen skal gje barn eit godt miljø, med vekt på leik og samvær med andre barn og vaksne. Barnehagen skal utvikle det einskilde barnet sin personlegdom, hjelpe barn i å utvikle evne til toleranse og til å ha omsorg for andre, og gje barn fri utfalding gjennom allsidige leike- og aktivitets moglegheiter. Samen med heimen skal barnehagen medverke til å gje barna eit miljø som sikrar dei individuell og gruppevis omsorg og støtte, stimulering, utfalding, læring og etisk rettleiing.
Barnehagen vert driven med eit ideelt, ikkje økonomisk formål.

Barnehagen vert driven i samsvar med:
a) Lov om barnehagar, forskrifter og retningslinjer
b) Rammeplan for barnehagar
c) Vedtak i Viebøen barnehage SA.
d) Årsplan / handlingsplanar for barnehagen.
e) Lov om internkontroll og barnehagen sine eigne tryggleik /internkontrollrutinar.
f) Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular.

 

Eigarstyret er samansett av:

Leiar: Alexander Frøyen

Nestleiar: Geir Thomas Espe

Medlem: Rakel Wiken, Terje Knausgård, 

Vara: , Idar Stadheim, Lilliane Rebnord

 

Sekretær: Rakel Wiken

Representant til barnehagen sitt samarbeidsutval: 

Ansvar for bygg og eigendom: 

 

Valt på årsmøtet 22.mars 2023

 

Samarbeidsutvalet:

Leiar: Erik Drageset

Foreldre repr.: May Helen Hole

Tilsette: Svein Arne Olsen og Kjersti Marie Fimland

Eigarstyre repr: Rakel Wiken

 

Val på foreldremøte 14.september 2022