Foreldrebetaling

Betalingssatsane føljer Stortinget sit vedtak om maksimalpris med heimel i forskrift om foreldrebetaling i barnehagen. Betaling for kost kjem i tillegg. Ein betalar for 11 månadar i året. Foreldrebetalinga forfell til betaling forskotsvis den 1. i kvar månad. Det betalast fram til skulestart det året barnet byrjar på skulen

Prisar for barnehageplass

Ein heiltids barnehageplass kostar 3.000 kroner per månad. Matpengar kjem i tillegg. Foreldrebetalinga er månadleg i 11 månader. Du betalar frå den månaden barnet ditt startar i barnehagen. August er betalingsfri månad. 

Prisar gjeld frå 1.januar 2024:

Type plass
 
Pris pr. månad 2023
 
Matpengar pr. månad 2023
 
100 % plass 3 000 400
      
      
     
      

Søskenmoderasjon 30 % for barn nummer to og gratis for tredje barn dersom alle søsken går i barnehagen, gjelder frå 1.august 2023.

Har du låg inntekt kan du søke om redusert betaling

Det er 2 moderasjonsordningar for familiar eller hushaldningar med låg inntekt, men du brukar same søknadsskjema.

  1. Redusert foreldrebetaling
    Hushaldningar som har ei samla person- og kapitalinntekt som er lågare enn 550 000 kroner per år kan søke om redusert foreldrebetaling.
     
  2. Gratis kjernetid:
    Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar, som bur i hushaldningar med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Frå 1. august 2023 er denne inntektsgrensa sett til 615 590 kroner.

Her finn du meir informasjon om gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling

Frist for å søke om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid er innan 1. august viss det skal gjelde frå nytt barnehageår.  Dette er nytt av i år

Forskrift og vedtekter pkt 8