Barnehagen har framleis smitteverntiltak

Vi er framleis på gult nivå, difor er opningstida sett til klokka 07:30 – 16:30 Smittevernstiltaka er som tidlegare.

Rettleiar for smittevern i barnehage, er bygd opp etter såkalla trafikklysmodell og opererer med raudt, gult og grønt nivå. Tiltaka kan tilpassast smittesituasjonen i samfunnet, og andre faktorar utifrå ei heilskapsvurdering.

Modellen varierer frå vanleg organisering av barnehagekvardagen (grønt nivå), til meir omfattande tiltak med små faste grupper av barn og tilsette (raudt nivå). Skilnaden på dei tre nivåa gjeld særleg tiltaka for å redusere kontakt mellom personar.

Når regjeringa vel å regulere situasjonen etter ulike nivå, er det naturleg å tilpasse utifrå kva nivå vi er på. Vi var lenge på raudt nivå med omfattande tiltak og stor grad av avgrensa opningstid. Kjem vi på grønt nivå er vi på normal drift med ordinær opningstid.


Vi er framleis på gult nivå, difor er opningstida sett til klokka 07:30 – 16:30


Barnehage er pr no på gult nivå, som inneber følgjande:
• Ingen sjuke skal møte i barnehagen
• God hygiene og forsterka reinhald, vask av hender når barnet kjem i barnehagen og før måltid
• Kontaktreduserande tiltak, framleis inndelt i kohortar, 
• Maten skal verte servert – ingen smørjemåltid endå, kan difor ikkje tilby frukost så lenge vi er på gult nivå. Alle må ha ete frukost før dei kjem i barnehagen.
• Unngå fysisk kontakt mellom tilsette, foreldre, hald avstand.
• Heile avdelingar vert rekna som ein kohort,
• Faste tilsette pr kohort
• Freiste å ha avstand mellom kohortar
• Dele inn uteområdet for å halde avstand mellom kohortar.
• Rettleiaren opnar opp for samarbeid mellom to kohortar når vi er ute.

Dersom det kjem melding om at vi er over på grønt nivå, vil det bli ordinær opningstid. Kjem det melding om at vi er over på raudt nivå vert det ytterlegare redusert opningstid

Inndeling i grupper:
Storetunet er delt inni 2 grupper, Raudkløveren og Blåklokka. 
Vesletunet er inndelt i 2 grupper, Marikåpa og Skogstjerna. 

 

https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/barnehage/

https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/