Ein god stad å vere

Ein god stad å vere - ein god stad å lære! Er visjonen vår, Ein stad der små og store har det triveleg og moro saman, ein stad kor respekt for kvarandre og fridom til å ta eigne val står sentralt. Slik ser vi for oss Viebøen barnehagen!

For oss er det viktig at barna gledar seg til å gå i barnehagen. At dei kvar morgon kjem forventingsfull til barnehagen; kva vil den nye dagen bringe? Vil vi sjå og erfare i dag ? Skal vi plukke bær på eit strå? Vi ønskjer å gje ungane ein kvardag full av latter og høve til personleg utvikling og læring, saman med rause og humoristiske vaksne som tek barn på alvor.

Vi ønskjer å vere mykje ute, gå på tur i skogen og nyte matpakka under open himmel. Slike opplevingar skapar hygge og lyst til gjentaking, samstundes står ein fritt til å velje vekk ein tur til fordel for bollebaking!

I vår barnehage arbeider vi kontinuerleg og systematisk med å fremje eit trygt og inkluderande barnehagemiljø, og med å oppdage, undersøkje og førebygge alle former for krenkingar. Vi stoppar krenkingar og føl opp med eigna tiltak heilt til borna opplever at dei har eit trygt og inkluderande miljø.

Vi er stolt av barnehagen vår. Store lyse lokale, eit flott bygg på ein av Førde sine mest solrike plassar. Her ligg forholda til rette for at vi skal trivast, med von om å skape ein atmosfære prega av humør og omsorg. Det er spennande å møte kvart vesle menneske som kjem til Viebøen barnehage!