Utleige av barnehagen

Barnehagen leiger ut kjøkken til ulike arrangement. Høver best for grupper rundt 30 - 45 personar Utleige kan skje til foreldre med barn i barnehagen, tilsette og andre lovlege opne frivillege organisasjonar eller grupper. Alle må inngå leigeavtale. Satsar for leige: Helg: for foreldra i barnehagen kr 1000,- Andre kr 2000,- Midt i veka: for foreldra i barnehagen kr 500,- Andre kr 750,-

Utleigetida: 

Er utanfor for barnehagen si opningstid, helg frå fredag kl.20.00 til søndag kl.22.00. Tilrigging og opprydding inngår i leigetida.

Leigetakar har ansvar for at rom og uteområde er i same stand som på utleige tidspunkt. 

Utstyr:

  • Middagservise
  • Kaffiservise
  • Bestikk
  • Stettglas
  • Serveringsfat og skåler
  • Kaffikanner
  • Dukar
  • Stolar og bord

UTLEIGEREGLAR FOR VIEBØEN BARNEHAGE SA

1. Leigetakar pliktar å setje seg inni reglementet for utleige av Viebøen barnehage Sa.
2. Utleige av Viebøen barnehage omfattar primært utleige av kjøkken og uteområdet, om ikkje anna er avtalt. Dør mellom kjøkken og Storetunet skal vere låst. Ingen tilgang til kontor, arbeidsrom og personalrom.
3. Leigetakar har ansvar for bygg i den perioden ein leiger for og inntil nøkkel er levert tilbake. Lån av nøkkel skal signerast.
4. Leigetakar pliktar å setje seg inni brannvernrutinar og kor ein finn sløkkemiddel. Viebøen barnehage er kopla opp mot brannalarmsentralen. Falsk alarm må meldast til vaktsentralen telefon 57 75 14 00 snarast.
5. leigtakar pliktar å forlate bygg og inventar i same stand.
6. Leigetakar må erstatte evt. Skade på bygg, inventar og utstyr. Ved tap av nøkkel må ein betale omkostnadar ved kjøp av ny.
7. Leigetakar må følje reglar og rutinar for god kjøkken hygiene, sjå oppslag på kjøkken.
8. Mat skal serverast på kjøkken / allrom.
9. Det er forbode å røyke på barnehagen sitt område inne og ute. (Røyking kan skje på parkeringsplass)
10. Det er forbode å nyte alkohol i barnehagen.
11. Bruk av toalett / stellerom, små barn kan bruke toalett på stellerommet. Voksne og større barn skal nytte toalett ved inngang Vesletunet.
12. Tal personar som kan opphalde seg på kjøkken maks 80 personar

kjøkken

dekketøykaffiservise

kjøkken induksjonsomn