VÅR VISJON

ViEbøen barnehage- ein god stad å vere, ein god stad å lære.

ViEbøen barnehage - ein god stad å vere, ein god stad å lære.

Ein stad der små og store har det triveleg og moro saman, ein stad kor respekt for kvarandre og fridom til å ta eigne val står sentralt. Slik ser vi for oss Viebøen barnehagen!

For oss er det viktig at barna gledar seg til å gå i barnehagen. At dei kvar morgon kjem forventingsfull til barnehagen; kva vil den nye dagen bringe? Vil vi sjå eit ekorn i dag ? Skal vi plukke bær på eit strå? Vi ønskjer å gje ungane ein kvardag full av latter og høve til personleg utvikling og læring, saman med rause og humoristiske vaksne som tek barn på alvor.

I Viebøen barnehage har ein laus avdelingsstruktur, felles garderobe og deling av fellesrom, på den måten får vi nytta personalet og lokala på ein betre måte. felles bruk av rom, opnar opp for større variasjon og fridom for det einskilde barnet. Danse på eit rom, bygge på eit anna, vil du heller måle kan du gjere dette på eit anna rom, eller ei stille stund i lesekroken? Alternativa er mange både for barn og vaksne, det er inspirerande å få halde på med noko du likar.

Vi ønskjer å vere mykje ute, gå på tur i skogen og nyte suppa under open himmel. Slike opplevingar skapar hygge og lyst til gjentaking, samstundes står ein fritt til å velje vekk ein tur til fordel for bollebaking!

Vi er stolt av barnehagen vår. Store lyse lokale, eit flott bygg på ein av Førde sine mest solrike plassar. Her ligg forholda til rette for at vi skal trivast, med von om å skape ein atmosfære prega av humør og omsorg. Det er spennande å møte kvart vesle menneske som kjem til Viebøen barnehage!