Oppstart og tilvenning

Oppstart: Når du får plass i Viebøen barnehage Sa vil du motta eit velkomst brev. Barn og foreldre vil bli invitert til besøksdag i juni. Foreldra får invitasjon om startsamtale for at vi skal bli kjent med barnet og foreldra kan få informasjon om barnehagen.

Mål : Trygg og god tilknyting og kjenne tilhøyrsle i barnehagen

  • Alle barn skal ha ein primærkontakt som kjenner barnet. 
  • Verte kjent med andre barn og personale. 
  • Å verte sett og forstått. 
  • Ha lyst til å gå i barnehagen.

Tilvenning:

Den første tida i barnehagen legger vi til rette for at barnet skal kjenne seg trygg i miljø og på personale som jobbar her, slik at barnet får ein positiv førsteoppleving av barnehagen. For barnet er det viktig med eit gradvis skilje frå foreldra, og at fråværet òg fører til gjensyn. Barnet treng denne tida oftast særleg mykje vaksenkontakt. Kor lang tid kvart barn vil trenge for å kjenne seg trygg, må tilpassast kvart enkelt. Vi håpar at barnehagen og heimen kan ha eit nært samarbeid for at barnet ikkje skal oppleve overgangen som eit brot, men som ei utvikling som gjev høve til meir kontakt og nye opplevingar

Vi legg vekt på å bygge relasjonar mellom barnet, personalet og heimen, å bli kjent med barnet og at barnet skal kjenne seg trygg i barnehagen. Kvart barn skal få ein primærkontakt som barnet skal bygge ekstra tilknyting til, og som vil følje opp barnet særleg den første tida. I tilvenningsfasen er det viktig at mor eller far føljer barnet og er med til barnet kjenner seg trygg. Den første tida i barnehagen bør ikkje barna ha for lange dagar.

Dag 1: De kjem til avtalt tid, ca 1,5 - 2 timar. Barnet er med i leik. Foreldre har alt ansvar for eige barn, gjer alt stell medan primærkontakt er tett på. Primærkontakt er tilbaketrekt, men viser interesse for barnet.

Dag 2: de kjem til avtalt tid, og barnet leikar og et lunsj saman med oss. Dersom det passar, kan barnet sove i vogn i barnehagen denne dagen, og leike ca. 15 minutt etterpå saman med forelder. Foreldre har alt ansvar for eige barn, og gjer alt stell medan primærkontakt er tett på. Sidan forelder sitter på golvet som ein trygg base, vil barnet etter kvart kunne bevege seg litt ut ifrå fanget for å utforske rommet og primærkontakta.

Dag 3: de kjem til avtalt tid, og barnet leikar og et lunsj saman med oss. Barnet søv i vogn i barnehagen, kan leike 30 minutt etterpå saman med forelder. Forelder er framleis tilgjengeleg for barnet til ei kvar tid. I leik vil vi at foreldre er litt meir passive eller sender leiken over til primærkontakt, men framleis sit på golvet for å kunne vere barnets trygge base. Primærkontakta overtar noko av stellet ut ifrå barnets behov, medan forelder heile vegen er synleg for barnet.

Dag 4: de kjem til avtalt tid, og barnet leikar og et lunsj saman med oss. Barnet søv i vogn, og primærkontakt tar barnet opp frå vogna, forelder kjem rett etterpå. Om barnet er klar for det kan de også ete frukt saman med oss, og reise heim etter frukt. I leiken fungerer framleis forelder som trygg base på golvet, men kan gjerne styre leiken over på primærkontakt. Primærkontakt tar meir stell medan forelder er synleg for barnet. Dag 4 kan forelder seie hadet og fortelje at ein kjem tilbake til barnet, og vere borte i korte periodar.

Dag 5: de kjem til avtalt tid, og barnet leikar og et lunsj og frukt saman med oss. Barnet søv i vogn i barnehagen, primærkontakt tar opp barnet og leikar litt før forelder kjem tilbake. Primærkontakt tar alt stell medan forelder er synleg for barnet. Dag 5 kan forelder seie hadet og fortelje at ein kjem tilbake til barnet, og vere borte i ein lenger periode enn dagen før. Forelder kjem tilbake til lunsj og stell, og etter frukt