Trafikktryggleik

Trafikktryggleik handlar både om fysisk tilrettelegging av trafikkforholda, haldningar og åtferd hos barna, foreldre og tilsette. I følge Trygg Trafikk vert det forventa at barn frå dei er 5 ½ år skal kunne gå til skulen. Difor legg vi vekt på at trafikktryggleik og trafikkopplæring vert integrert som ein del av barnehagen sitt innhald.

Trafikktryggleik i barnehagen
Frå barnet er 4 år får dei innføring i trygg trafikk gjennom møtet med Tarkus.
Barnehagen innhentar skriftleg løyve frå foreldre før dei føljer buss, bruk av privatbil vert det særskilt avtalt.
Trafikktryggleik er eit tema vi ønskjer å ta opp med foreldra og samarbeidsutval
Barnehagen gjennomfører jamleg risikovurdering knytt til trafikktryggleik ved barnehagen sin parkeringsplass.

Parkeringsplass
Bilar som vert parkert mot bakken / byggefeltet skal ryggast på plass, bilar som vert parkert mot barnehagen sitt gjerde kan parkerast med fronten mot barnehagen.
Porten til barnehagen skal til ei kvar tid vere lukka.
Foreldra skal så langt det let seg gjere, gå først ut av porten når barna vert henta.
Biler skal ikkje stå med nøklar i, eller på tomgang utan voksen i bilen.

Trafikk området rundt barnehagen
Fartsgrensa utanfor barnehagens område er 30 km/t, men barnehagen oppfordrar foreldre og andre til å senke farten ytterlegare.
Alle barn skal vere sikra i bil etter forskrift. Hugs å bruk bilbelte.
Bruk fortau.

Bruk av turbuss:
Barnehagen tek omsyn til løyve og reservasjonar som er avtalt angåande barn og trafikk. Barn over 2 år (15 kg) blir tatt med i buss.
Barna vert sikra ved bruk av belte i buss, dei fremste seta vert reservert for vaksne.

Bybuss / buss til bading:
Bussar barnehagen brukar skal ikkje overstige fartsgrensa på 50 km/t.
Barna vert plassert i kvart sitt sete så langt det let seg gjere.

 

Barnehagen nyttar Trygg trafikk sitt opplæringsmateriell, barna vert kjent med trafikkvennen Tarkus som er eit beltedyr.

Trafikkopplæringsmateriell for barnehagebarnTarkus

Trafikkvennen vår Tarkus