Ein god start i barnehagen

Vi ønskjer velkomen tilbake til eitt nytt barnehageår! Særleg ønskjer vi velkomen til nye barn som skal ta til i Viebøen barnehage for første gong!

Vi ønskjer velkomen tilbake til eitt nytt barnehageår! Særleg ønskjer vi velkomen til nye barn som skal ta til i Viebøen barnehage for første gong!


For oss er det viktig at barnet kjenner seg trygg og får ein god start om barnet har gått her før eller er ny. Vi legg vekt på at barnet skal gradvis bli kjent med miljøet, oss som jobbar her og barna i gruppa. Difor har alle barn ein tilknytningsperson som barnet har tillit. Den vaksne har særleg ansvar for å følje opp, gi støtte og hjelper barnet. Ein vaksne som er med i leiken, hjelper barnet i samspel med andre og gir trøyst når barnet treng det.


Mykje kjem an på den første tida i barnehagen, at barna kjenner seg trygge i barnegruppa, og på oss vaksne som jobbar her. Dei første dagane er det viktig at mor eller far er med, og at dagane ikkje vert for lange. Barnet kjem til avtalt tid, er med i leiken, et saman med oss og går heim. Den første dagen varer ca to timar. Deretter avtaler vi tid når barn og foreldre skal kome att. Barnet er med og leikar, og et lunsj ilag med oss. Foreldra kan og forlate barnet for kortar tid, men er i barnehagen dersom barnet skulle treng ein. Denne dagen kan barnet gjerne sove i barnehagen. Då kan mor/ far vere med barnet og barnet sin primærkontakt når barnet skal stellast og leggast første gong. Litt lenger økt denne dagen, ca 3-4 timar, tilpassa barnet sitt behov. Den tredje dagen kjem barnet på den tid ein normalt vil kome. Foreldra kan forlate barnehagen for ei kort stund, dette må avtalast. Vidare tilvenning vert avtalt. Barnet et lunsj og legg seg i barnehagen. Lengde på denne dagen kan variere, men greitt at den er litt lenger enn forrige dag. Dei neste dagane vert lagt opp etter ønske og behov til barnet og foreldre.


For barnet er det viktig med eit gradvis skilje frå foreldra, og at fråværet òg fører til gjensyn. Barnet treng i denne tida oftast særleg mykje vaksenkontakt. Vi ønskjer å legge forholda til rette for at barnet skal få ei positiv førsteoppleving av barnehagen. Kor lang tid kvart barn vil trenge for å verte trygg i barnehagen, må tilpassast kvar einskild. Vi vonar at barnehagen og heimen kan ha eit nært samarbeid, for at barnet ikkje skal oppleve overgangen som eit brot, men som ei utvikling, som gjev høve til meir kontakt og nye røynsler.