For oss er det viktig at barnet kjenner seg trygg og får ein god start om barnet har gått her før eller er ny. Vi legg vekt på at barnet skal gradvis bli kjent med miljøet, oss som jobbar her og barna i gruppa. Difor har alle barn ein tilknytningsperson som barnet har tillit. Den vaksne har særleg ansvar for å følje opp, gi støtte og hjelper barnet. Ein vaksne som er med i leiken, hjelper barnet i samspel med andre og gir trøyst når barnet treng det.
Mykje kjem an på den første tida i barnehagen, at barna kjenner seg trygge i barnegruppa, og på oss vaksne som jobbar her.
Dag 1: barn og forelder kjem til avtalt tid, ca. 1,5 - 2 timar. Barnet er med i leik. Foreldre
har alt ansvar for eige barn, gjer alt stell medan primærkontakt er tett på. Primærkontakt er
tilbaketrekt, men viser interesse for barnet.
Dag 2: barn og forelder kjem til avtalt tid (for eksempel 9:15 og 9:30), og barnet leikar og
et lunsj saman med oss. Dersom det passar, kan barnet sove i vogn i barnehagen denne
dagen, og leike ca. 15 minutt etterpå saman med forelder. Foreldre har alt ansvar for eige
barn, og gjer alt stell medan primærkontakt er tett på. Sidan forelder sitter på golvet som
ein trygg base, vil barnet etter kvart kunne bevege seg litt ut ifrå fanget for å utforske
rommet og primærkontakta.
Dag 3: barn og forelder kjem til avtalt tid, og barnet leikar og et lunsj saman med oss.
Barnet søv i vogn i barnehagen, kan leike 30 minutt etterpå saman med forelder. Forelder
er fortsett tilgjengeleg for barnet til ei kvar tid. I leik vil vi at foreldre er litt meir passive
eller sender leiken over til primærkontakt, men fortsett sitter på golvet for å kunne vere
barnets trygge base. Primærkontakta overtar noko av stellet ut ifrå barnets behov, medan
forelder heile vegen er synleg for barnet.
Dag 4: barn og forelder kjem til avtalt tid, og barnet leikar og et lunsj saman med oss.
Barnet søv i vogn, og primærkontakt tar barnet opp frå vogna, forelder kjem rett etterpå.
Om barnet er klar for det kan de også ete frukt saman med oss, og reise heim etter frukt. I
leiken fungerer framleis forelder som trygg base på golvet, men kan gjerne styre leiken
over på primærkontakt. Primærkontakt tar meir stell medan forelder er synleg for barnet.
Dag 4 kan forelder seie hadet og fortelje at ein kjem tilbake til barnet, og vere borte i korte
periodar.
Dag 5: barn og forelder kjem til avtalt tid, og barnet leikar og et lunsj og frukt saman med
oss. Barnet søv i vogn i barnehagen, primærkontakt tar opp barnet og leikar litt før
forelder kjem tilbake. Primærkontakt tar alt stell medan forelder er synleg for barnet. Dag
5 kan forelder seie hadet og fortelje at ein kjem tilbake til barnet, og vere borte i ein lenger
periode enn dagen før. Forelder kjem tilbake til lunsj og stell, og etter frukt.
For barnet er det viktig med eit gradvis skilje frå foreldra, og at fråværet òg fører til gjensyn. Barnet treng i denne tida oftast særleg mykje vaksenkontakt. Vi ønskjer å legge forholda til rette for at barnet skal få ei positiv førsteoppleving av barnehagen. Kor lang tid kvart barn vil trenge for å verte trygg i barnehagen, må tilpassast kvar einskild. Vi vonar at barnehagen og heimen kan ha eit nært samarbeid, for at barnet ikkje skal oppleve overgangen som eit brot, men som ei utvikling, som gjev høve til meir kontakt og nye røynsler.
