Barna skal få høve til å vere fysisk aktive og fremje glede over å vere i rørsle og kunne meistre sin eigen kropp. Barnehagen har eit uteområdet som er tilpassa barn i ulik alder, vi har eit inngjerda område som er særskilt tiltenkt barn under 3 år. Sandkassa vår er under tak så her kan vi leike heile året, vi har ulike klatrestativ, ballbinge, dissestativ og høve til fysisk aktivite sommar og vinter. Rett ved barnehagen ligg nærmiljøanlegg med stor fotballbane og ballansejungel og akebakke. Vi har trygg tilkomst til skog og mark. Barnehagen har i samarbeid med grunneigar laga til ein plass i skogen med gapahuk og høve til å brenne bål i den trygge tida i året.
Barnehagen har to el-sykklar med plass til 6 barn, barna er sikra med belte og sykkelhjelm når vi er på tur.
Personalet har fordjupa seg i fysisk aktivitet og delteke i forskningsprosjektet ACTNOW i samarbeid med høgskulen på Vestlandet.