Om oss

Viebøen barnehage Sa, privat foreldre eigd barnehage i Slåtten krins, Førde. Har barnehagetilbod for barn 0 - 6 år. Vi serverer 3 måltid kvardag, med varm lunsjmåltid 2 -3 gonger i veka. Barnehagen har faste turdagar. Dei eldste barna deltek i svømmeopplæring i basseng ( terapibassenget).

Barnehagen har to grupper for barn under 3 år med samla plass til 21 barn og to grupper over 3 år med plass til 36 barn.

Barnehagen er open heile året med ei opningstid frå kl. 07.00 - 16.30. med høve til utviding frå 06.45 - 17.00 etter avtale.

Barnehagen ligg nær budstadfelt, nærmiljøanlegg og friområde. Det er gåavtand til butikkar og sjukehus.

Ein heiltids barnehageplass kostar 3 000 kroner per månad, frå 1.januar 2023. Du betalar frå den månaden barnet ditt startar i barnehagen. Matpengar kr 350,- kjem i tillegg. 

Har du låg inntekt kan du få lågare pris

Familiar som samla tente mindre enn 583 650 kroner i fjor har rett på å betale mindre for barnehageplass, og ikkje meir enn tre prosent av samla årsinntekt for barnehagetilbodet. 

Her finn du meir informasjon om gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling

Vi behandlar søknader gjennom heile året, men hovudsøknadsfristen er 1. oktober

Her kan du søke om lågare foreldrebetaling 

  • Får du søknaden om lågare pris godkjent gjeld det for eitt barnehageår om gongen. Du må difor søke på nytt kvart barnehageår. 
  • Får du søknaden om lågare pris godkjent, gjeld det frå månaden etter du har sendt søknaden. 

Du kan klage om du ikkje får redusert pris

Du har rett til å klage. Klagefristen er tre veker etter at du har fått vedtaket. Ei eventuell klage må vere skriftleg. Du sender klagen til Sunnfjord kommune, postboks 338, 6802 Førde. Klageutvalet er klageinstans.