Mat

Mat i barnehagen Alle barn skal få gode matvanar gjennom eit variert og sunt kosthald i kombinasjon med minst mogleg sukker og salt. Barnehagen har tilsett kokk 3 dagar i veka. Barna får frukost, lunsj og fruktmåltid kvar dag. Middag og suppe ein gong i veka. I tilegg lagar vi nok særskilt når barnet har bursdag og når vi markerar ulike høgtider i barnehagen.

Viebøen er ein fiskesprellbarnehage - vi tilbyr ulik fisk og sjømat ved varmmåltida. Vi er opptatt av at desse matvarene skal være ein naturleg del av bornas kosthald. Viebøen barnehage er også frukt og grønt ambassadør, det vil kort sagt seie at vi har fokus på å gje borna mykje frukt og grønsaker under alle måltider i barnehagen. Barnehagen har eigen kokk som vil i samarbeid med andre vaksne og barn lage smørjemåltid og varmmåltid.

Frukost:kl. 08.00 – 8.45.Felles frukost på kjøkkenet med grovbrød og sunt pålegg, kvar måndag har vi havregraut. 

Lunsj: kl. 11.00 / 11.30 Smørjemåltid med grovbrød og sunt pålegg, suppe kvar fredag, varmt måltid ein gonger i veka. I tillegg kjem bursdagsmarkering der vi har fokus på barnet som fyller år, barnet vel mat frå menykort.

Frukt og grønt måltid: 14.00 / 14.30 Kvar dag har vi ei fruktstund, barna får velje mellom ulike sortar frukt og grønsaker. Barnehagen er MER ambassadør for meir frukt og grønt i barnehagen. Sjå http://www.frukt.no