Opplevingar og erfaringar i naturen kan fremje forståing for eigenarten til naturen og barna sin vilje til å verne om naturressursane, bevare det biologiske mangfaldet og bidra til berekraftig utvikling. Berekraftig utvikling omfattar å ta vare på natur, økonomi og sosiale forhold, at vi viser solidaritet globalt og for framtida. Barna skal få erfare i å gje omsorg og ta vare på omgjevnaden og naturen. Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider. Barnehagen skal leggje til rette for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring. Barnehagen skal leggje til rette for at barna framleis skal vere nysgjerrige på naturvitskaplege fenomen, føle tilhøyrsle til naturen og gjere erfaringar med å bruke teknologi og reiskapar.
I rammeplanen for barnehager 2017 heiter det:
Berekraftig utvikling handlar om at menneske som lever i dag, får dekt dei grunnleggjande behova sine utan å øydeleggje framtidige generasjonar sin sjanse til å få dekt sine behov. Det handlar om å tenkje og handle lokalt, nasjonalt og globalt. Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at handlingar i dag har konsekvensar for framtida.
Barnehagen skal leggje grunnlag for barna si evne til å tenkje kritisk, handle etisk og vise solidaritet. Barna skal få erfaring med å gi omsorg og ta vare på omgivnadene og naturen.
Barna skal få naturopplevingar og bli kjende med mangfaldet i naturen, og barnehagen skal bidra til at barna opplever tilhøyrsle til naturen.