Barnehageplass

Søknadsfrist er 1. februar til hovudopptaket. Søknad om barnehageplass i Viebøen barnehage er samordna med fellesopptak i Sunnfjord Kommune Viebøen barnehage er ein privat foreldreeigd barnehage, du vert andelseigar når barnet får plass.

Søknadskjema: https://sunnfjord.kommune.no/tenester/barnehage-og-skule/barnehage/sok-barnehageplass/

Barnehageopptak 2024
Viebøen barnehage Sa har samordna opptak med Sunnfjord kommune gjennom elektronisk søknad på Visma flyt barnehage, du finn link på heimesida til sunnfjord kommune. Ønskjer du å endre eksisterande eller seier opp plassen, må du og logge deg på Visma flyt barnehage. Hovudopptaket gjeld i utgangspunktet for ledige plassar frå august 2024.

Det  er viktig at du finn fram fødselsnummeret (11 siffer) til både barn og føresette før du byrjar å søke.

Kven har rett på barnehageplass?

  • Barnet må vere fylt eitt år innan utgangen av november 2024.
  • Det må vere søkt om barnehageplass innan 1.februar 2024.
  • Dersom barnet ditt får plass, må de vere busette i kommunen når barnet byrjar i barnehagen. (med unntak av studentplassar)
  • Studentar ved høgskulen Vestlandet, har prioritet ved opptak når ein søkjer innan fristen 1.februar.

Du får svar elektronisk
Tilbodet om barnehageplass får du via e-post. For å svare på tilbodet må du logge deg på den same sida som for søknaden om barnehageplass. Ha klar BankID, MinID eller anna pålogging.

Søker du innan 1. februar får du svar på søknaden i slutten av februar.

Kva for kriteria/vilkår vert barnehageplass tildelt etter?
Dei fleste barn vert prioritert etter alder, og barnehagane prioriterer barn som har søsken i same barnehage. Nokre grupper har prioritet ved opptak i alle barnehagane:

  1. Barn som har nedsett funksjonsevne.                                                                           
  2. Barn som har vedtak etter lov om barneverntenester.
  3. Søsken av barn som alt har plass i barnehagen - andelseigar
  4. Barn med tidlegare student plass
  5. Alder, eldste barn vert prioritert først.

 

Søker du plass utanom hovudopptaket kan du søke heile året. Du står på søkarlistene til du får tilbod om barnehageplass, eller sjølv slettar søknaden.

Søknadsfrist er 1. februar til hovudopptaket