Øverste styrande organ for barnehagen er Årsmøtet som er samansett av alle foreldre med andel. Årsmøtet vel representantar til eigarstyret for barnehagen og vel leiar for eigarstyret. Viebøen barnehage er registrert i Brønøysund registeret og er tilslutta private barnehager landsforbund (PBL)
Samvirkeføretaket sitt formål er å eige og drive barnehage til det beste for medlemmane og deira barn i Førde kommune. Føretaket skal fremje medlemmane sine økonomiske interesse som kjøper av barnehagetenester frå føretaket. Formålet er ikkje kapitalavkasting til medlemmane. Eventuelt årsoverskot skal godskrivast eigenkapitalen i føretaket.
Barnehagen skal gje barn eit godt miljø, med vekt på leik og samvær med andre barn og vaksne. Barnehagen skal utvikle det einskilde barnet sin personlegdom, hjelpe barn i å utvikle evne til toleranse og til å ha omsorg for andre, og gje barn fri utfalding gjennom allsidige leike- og aktivitets moglegheiter. Samen med heimen skal barnehagen medverke til å gje barna eit miljø som sikrar dei individuell og gruppevis omsorg og støtte, stimulering, utfalding, læring og etisk rettleiing.
Barnehagen vert driven med eit ideelt, ikkje økonomisk formål.
Barnehagen vert driven i samsvar med:
a) Lov om barnehagar, forskrifter og retningslinjer
b) Rammeplan for barnehagar
c) Vedtak i Viebøen barnehage SA.
d) Årsplan / handlingsplanar for barnehagen.
e) Lov om internkontroll og barnehagen sine eigne tryggleik /internkontrollrutinar.
f) Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular.
Organisasjonskart: Viebøen barnehage
-
Årsmøtet
- Øvste organet i barnehagen.
- Består av alle føresette som eig barnehagen.
- Vedtek overordna retningslinjer, budsjett og strategi.
-
Eigarstyret
- Vald av årsmøtet.
- Ansvar for den daglege leiinga av barnehagen.
- Sikrar at barnehagen følgjer lover, reglar og vedtekne planar.
- Samarbeider med styrar.
-
Styrar
- Dagleg leiar for barnehagen.
- Ansvar for den pedagogiske og administrative drifta.
- Samarbeider med eigarstyret og tilsette.
-
Pedagogiske leiarar
- Ansvar for planlegging og gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på avdelingane.
- Rettleiing og oppfølging av medarbeidarar.
-
Tilsette (assistentar og fagarbeidarar)
- Ansvar for oppfølging av barna i kvardagen.
- Bidreg til å gjennomføre pedagogiske planar i samråd med pedagogiske leiarar.
-
Føresette
- Aktiv deltaking i foreldrerepresentasjon, dugnadar og møter.
- Moglegheit til å påverke barnehagen sitt tilbod og innhald.
Eigarstyret per dags dato er samansett av:
Leiar: Alexander Frøyen
Medlem:
Rakel Wiken,
Lilliane Rebnord
Erik Morken
Linda Nesse Nesdal
Hans Fredrik Laache
Vara: Idar Stadheim, Annika Bjørset
Representant til barnehagen sitt samarbeidsutval:
Leiar: Mari Evebø
Foreldre repr.: Thea-Malen Fuglestrand
Tilsette: Svein Arne Olsen og Kjersti Marie Fimland
Eigarstyre repr: Linda Nesse Nesdal
