Verdigrunnlaget

Samfunnsmandatet til barnehagen er, i samarbeid og forståing med heimen, å vareta barna sitt behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlaget for allsidig utvikling. Leik, omsorg, læring og danning skal sjåast i samanheng.( R.pl.2017 :7)

Omsorg: 

Barnet skal oppleve å vere den viktigaste ungen i verda! I Viebøen barnehage skal alle barn få ein omsorgsfull relasjon.
• Barnet skal bli møtt kvardag med gode ord av rause vaksen som ser barnet og gjev dei ros og oppmuntring.
• Få hjelp til å tileigne seg normer, haldningar og åtferd for å kunne inngå eir samspel med andre.
• Hjelp til å kontrollere seg sjølv på ein positiv måte, vise alternativ.
• Barn skal lære å verte sjølvstendige.

Leik:

Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen. Leiken har eigenverdi og er eit mål i seg sjølv, og ei viktig side ved barnekulturen. Leiken er ei grunnleggjande liv- og læringsform som barn kan uttrykkje seg gjennom. Å få delta i leik og få venner er grunnlaget for trivsel, læring og samhandling med andre. I Viebøen barnehage skal alle barn få oppleve ein kvardag med humor og glede i leik. 

• Alle finn seg ein leikekamerat.
• Leik som stimulera språk og samspel.
• Personale har respekt for barn sin leik.

Vennskap og fellesskap:

Barna skal få oppleve tilknyting og fellesskap, og kjenne at dei kan vere med å bestemme og uttrykkje eigen intensjonar samstundes som dei må øve på å leve seg inni andre sin situasjon og ta omsyn til andre.


Læring: 

Vi ser på barn som aktive med konstruktørar av eigen kunnskap. Alle barn skal få ulike erfaringar som stimulera læringslyst.

• Barnet skal kunne bruke heile seg og alle sine sansar.
• Kjenne meistring, få ros, oppmuntring og positive tilbakemeldingar.
• Vere i samspel med andre og få møte vaksne som gleder seg til å vere ilag med barnet.
• Ilag med vaksne kunne utforske og setje ord på tankar og opplevingar – undre seg ilag.

Det er i aktiv samhandling med ting og menneske at barn skaper seg sjølv og sin kunnskap.

Danning: 

Danning er meir enn utvikling, meir enn læring, meir enn omsorg, meir enn oppdraging og meir enn sosialisering. Samtidig rommar danning alt dette. Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå felles verdiar og normer som er viktig for fellesskapet Gjennom danning legg ein grunnlaget for barnets allsidige utvikling og handlingskompetanse.

Barn si medverknad:

Barna skal få oppleve at dei er med og påverkar eigen kvardag. Verte tekne med på råd, planlegging og vurdering. Barna skal bli møtt av vaksne som er open for barn sine innspel og ha rett til å utfalde seg sjølv, men samtidig lære å ta del i fellesskapet. Ved å samle gruppa å snakke med borna får ein fram ulike syn og behov, born må oppleve at deira stemme vert høyrt, men og at andre sitt syn vert gjeldande. T.d. val turmål, kva gruppa skal leike med oss.