Språk

Språk. Kommunikasjon og tekst Alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen, og få delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og heilskapeleg språkutvikling. Viebøen barnehage legg vekt på at kommunikasjon og språk påverkar alle sider ved barn si utvikling.

Språk. Kommunikasjon og tekst
Viebøen barnehage legg vekt på at kommunikasjon og språk påverkar alle sider ved barn si utvikling.
Barn utviklar eit godt språk når det er likevekt mellom meistring på dei tre delane i språket som er innhald (språkforståing) form (struktur og grammatikk) og bruk ( samspel og kommunikasjon med andre)

Å arbeide systematisk med å fremje språkleg kompetanse er viktig ved å gje språkstøtte, vere i dialog og samspel, lytte, forstå og skape meining. Vi bruker metoden grip omgrepa for å auke barn sitt ordforråd og omgrepsforståing. Vi brukar tankekart for å visualisere kunnskap som barna sit inne med, og hjelpe dei med å systematisere og organisere omgrep og informasjon, for å sikre at barnet forstår meining i ord.

Teiknstøtte hjelper barna å setje ord på tankar og handlingar, i tillegg brukar v i Babblarna 

I Babblarnas verden er målet å bable, snakke, synge og leike saman. Bruk fantasien, og la kvardagshendingar og rutiner gi rom for masse kommunikasjon og språkleik.

Barnehagen brukar språk- kartleggingsverktøyet TRAS for registrering av barn si språkutvikling og avdekke systemfeil i barnehagen sitt språkarbeid.

Vi legg vekt på:

- uttrykkjer kjensler, tankar, meiningar og erfaringar på ulike måtar
- bruker språk til å skape relasjonar og delta i leik, og som reiskap til å løyse konfliktar
- vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd
- rim, rytme, lydar og ord
- mangfald av eventyr, segner forteljingar, og uttrykksformer
- opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale

Barnehagen har samarbeid med Førde bibliotek, vi låner bøker og får tilsendt bokkasse med bøker tilpassa tema og barn sin alder og interesser.

https://babblarna.no/