Prisar for barnehageplass
Ein heiltids barnehageplass kostar 700 kroner per månad. Matpengar kjem i tillegg. Foreldrebetalinga er månadleg i 11 månader. Du betalar frå den månaden barnet ditt startar i barnehagen. August er betalingsfri månad.
Prisar gjeld frå 1.september 2025:
- Søskenmoderasjon 30 % for barn nummer to
- Barnehageplass for barn nummer 3 og fleire er gratis.
| % | Pris per månad |
|---|---|
| 100 % | 700 kroner per mnd |
| 80% | 610 kroner per mnd |
| 60% | 536 kroner per mnd |
| 50% | 400 kroner per mnd |
| 40% | 329 kroner per mnd |
Har du låg inntekt kan du søke om redusert betaling
Det er 2 moderasjonsordningar for familiar eller hushaldningar med låg inntekt, men du brukar same søknadsskjema.
1. Redusert foreldrebetaling
Hushaldningar som har ei samla person- og kapitalinntekt som er lågare enn 275 000 kroner per år kan søke om redusert foreldrebetaling. Pris for barnehageplass ikkje skal overskride 6 % av samla inntekt i hushaldninga. Inntektsgrensa sett til 128 333 kroner.
2. Gratis kjernetid:
Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushaldningar med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Fra 1. august 2026 er inntektsgrensen 692 465 kroner.
Ordninga med gratis kjernetid gjeld uavhengig av om du har deltids- eller heiltidsplass. Det betyr at eit barn med deltidsplass med rett til gratis kjernetid, har krav på 20 timar gratis opphaldstid uavhengig av størrelse på plassen. Hvis nokon vel å berre bruke dei 20 timane, er tilbodet gratis.
Her finn du meir informasjon om gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling
Send søknad innan 1. august
Frist for å søke om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid er 1. august viss det skal gjelde frå nytt barnehageår.
