Barnet sin sosial kompetansen blir spegla i den evna barnet har til å ta initiativ til å halde på vennskap. Barnet treng å erfare og delta i eit fellesskap for å kunne forstå sosiale forhold, prosessar og meistre sosiale dugleik. Sosial kompetanse blir utvikla kontinuerleg gjennom handlingar og opplevingar i alle situasjonar. Alle barn må få varierte samspelserfaringar prega av gode kjenslemessige opplevingar.
Viebøen barnehage legg vekt på å tilrettelegge for gode leikeopplevingar gjennom å dele barna opp i mindre grupper og støttande personale som hjelper barnet i samspelet
Kvardag oppleve vi stjernestunder; ein augenblink av intens glede, der endorfiner vert frigitt og fyller kroppen med lukke og positiv energi. Små kortvarige glede kan styrke kvardagslivet vårt og forholdet vårt til andre menneske. (Stern 2004)