FYSISK AKTIVITET I BARNEHAGE

Viebøen barnehage deltak i ACTNOW er eit storskala forskings- og utviklingsprosjekt knytt til kompetanseutvikling for fremming av fysisk aktivitet i barnehagen. Leia av Høgskulen Vestland, målet er å utvikle gode og bærekraftige modellar for meir og betre fysisk aktivitet i barnehage. Samtidig vil vi utvikle meir kunnskap om korleis fysisk aktivitet påverkar barn si utvikling, læring og helse.

Active Learning Norwegian Preschool(er)s (ACTNOW)

https://www.hvl.no/actnow

Å fremje rørsleglede hjå barn og tilsette i eit inkluderande fellesskap

 

Fysisk aktivitet i barnehagen

Fysisk aktivitet er viktig for å fremme barn si utvikling og helse. Det er imidlertid aukande bekymring knytt til lågt fysisk aktivitetsnivå hjå barnehagebarn. Ettersom 97% av 3-5 år gamle barn i Noreg går i barnehagen og får mesteparten av sin daglege fysiske aktivitet i barnehagen, er barnehagen ein unik arena for fremming av fysisk aktivitet, helse og utvikling, for å gi alle barn den beste starten i livet.

Mål

Målet med ACTNOW er å utvikle og gjennomføre ein effektiv og bærekraftig modell for kompetanseutvikling for personale i barnehagen for å auke fysisk aktivitet i barnehagen, fremme fysisk aktivitet i samfunnet, betre barn si helse og utvikling og redusere sosial ulikhet i helse og utvikling gjennom tidleg innsats. Gjennom denne tilnærminga ynskjer me å fremme innovasjon i offentleg sektor, å forme framtidig folkehelse, oppvekst og utdanningspolitikk, og leggje grunnlaget for eit fysisk aktivt, likeverdig og bærekraftig samfunn.

https://www.youtube.com/watch?v=G0iMIHExddA&feature=emb_logo