For oss er det viktig at barna gledar seg til å gå i barnehagen. At dei kvar morgon kjem forventingsfull til barnehagen; kva vil den nye dagen bringe? Vil vi sjå på fuglar i dag ? Skal vi plukke bær på eit strå? Vi ønskjer å gje ungane ein kvardag full av latter og høve til personleg utvikling og læring, saman med rause og humoristiske vaksne som tek barn på alvor.
Vi legg vekt på å skape eit inkluderande miljø der barna skal få trygg tilknyting, kjenne tilhøyrsle og vere ein del av fellesskapet. Målet er at alle barn i Viebøen barnehage skal oppleve eit trygt og godt leike- og læringsmiljø. For å få til dette jobbar for eit godt samarbeid med heimen gjennom å bygge gode relasjonar til barn og foreldra.
Kjerneord:
- Trygg tilknytning
- Gode relasjonar og relasjonskompetanse
- Fellesskap og sosial kompetanse
- Språk og kommunikasjon
- Leikandemiljø
- Fysisk aktivitet og god helse
Vi kan tilby:
- Kompetent personale
- Kokk, varmmåltid nokre dagar i veka
- Godt leikemiljø ute og inne
- Kort veg til skog og mark
- Nærmiljøanlegg med fotballbane, ballanse line og gapahuk rett ved barnehagen.
- Vasstilvenning i symjehall
- Vi har el-sykkel med plass til 6 barn til sykkelturar
- Grillhytte
- God tilkomst og parkering
Vi er stolt av barnehagen vår. Store lyse lokale, eit flott bygg på ein av Førde sine mest solrike plassar. Her ligg forholda til rette for at vi skal trivast, med von om å skape ein atmosfære prega av humør og omsorg. Det er spennande å møte kvart vesle menneske som kjem til Viebøen barnehage!