Leik

I Viebøen barnehage skal alle barn få oppleve ein kvardag med humor, gled og leik.

I Rammeplanen står det at vi skal observere, analysere, støtte, delta i og styrke leiken på barna sine premissar. Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring, og for sosial og språkleg samhandling

Lekemiljøet har stor betydning for barna si utvikling. Leikemiljøet må derfor vere i stadig endring, fordi leiken er i rørsle. Barnegruppene er i stadig endring og utvikling. Det er derfor viktig for oss at vi kontinuerleg gjer endringar og tilpassar leikemiljøet. 

Barna skal sjølve kunne gjere endringar i miljøet etter kvart som leiken utviklar seg. Lekemiljøet skal gi barna høve til å vere kreative, samhandle med andre, utforske og finne løysingar på ulike utfordringar.

I formålsparagrafen står det at barna skal få utfolde skaparglede, undring og utforskartrong. Tilgangen på leikemateriell skal derfor vere inspirerande, variert og meiningsfull. Barna skal få høve til å leike på mange ulike måtar, og miljøet skal invitere til både fantasi, utforsking, samspel og fordjuping.

Eit godt lekemiljø handlar ikkje om kor mykje materiell vi har, men om korleis miljøet legg til rette for leik. Vi skal skape rom som inspirerer barna, gir dei medverknad og støttar dei i å utvikle leiken vidare.