Søknadsfrist hovudopptak: 1. februar

  • Du søker plass i Viebøen barnehage SA, via i Sunnfjord kommune,  i Visma flyt barnehage.
  • Viebøen barnehage sine opptakskriteria jf Vedtekter av 23.05.2022:   1.) Barn med nedsett funksjonsevne har rett til prioritet ved opptak i barnehage. Det skal

    ligge ved ei sakkunnig vurdering av barnet sin nedsette funksjonsevne. Jf. Lov om

    barnehagar §13.

    2.) Barn som det er fatta vedtak om etter lov om Barneverntenester §§4-12 og 4-4 annet

    og fjerde ledd, har rett til prioritet ved opptak i barnehage, Jf Lov om barnehagar §13.

     

    Har barnet ditt rett til prioritet etter pkt 1 og 2 ved opptak må du legge ved dokumentasjon frå lege, barnevern, helsestasjon, PPT eller andre institusjonar. Vedlegga kan du laste opp i Visma flyt barnehage eller sende per post til: Sunnfjord kommune, postboks 338, 6802 Førde.

    3.) Søsken av barn som alt har plass i barnehagen – medlem av føretaket.

    4.) Studentsamskipnaden disponera eigne barnehageplassar for studentar ved Høgskulen

    på Vestlandet.

    5.) Barn med tidlegare studentplass.

    6.) Søkjarar som ikkje kjem inn under kriteria over, vert prioritert etter alder.

  • Ved opptak kan ein ta omsyn til barnet sin alder og kjønn for å sikre ei balansert

    gruppesamansetjing jf. overordna målsetjing pkt.4.1 i våre vedtekter.

  •  Søknadsfrist til hovudopptaket er 1. februar
  • Søker du plass utanom hovudopptaket kan du søke heile året.

Kor tid får du svar på tilbod om barnehageplass?

Du får svar i slutten av februar om du har søkt innan fristen 1. februar. Søker du etter fristen blir barnet sett på venteliste og tatt med i det vidare opptaket. Du svarar på tilbodet om barnehageplass i Visma flyt barnehage der du søkte barnehageplass.

Svar på tilbud om barnehageplass 

Rett til plass i barnehage?

  • Barn som fyller eitt år innan utgangen av november
  • Det må vere søkt om plass 1. februar
  • De må vere busett i kommunen når barnet begynner i barnehagen.

https://sunnfjord.kommune.no/tenester/barnehage-og-skule/barnehage/sok-barnehageplass/

https://vieboen.barnehage.no/Innhold/Side/109067